Bloggen min
Eg har no starta min eigen blogg, og er eigentleg litt usikker på kva eg skal gjera med den. Det er mange sider som kan fortelja deg how to blog, og noko av det viktigaste ser ut til å vera det å faktisk ha noko å skriva. Det skal eg jobba litt med. I tillegg er det kjempemange ting eg har lyst til å gjera med bloggen reint visuelt, som til dømes å putte inn ein Flickr badge, men sidan eg er utrulig dårlig til å koda får det vel venta.
Nokon har kviskra meg i øyret at blogg kan vera eit fint læringsverktøy, og det nettopp derfor eg har oppretta denne bloggen. Eg har nettopp begynt på master i medievitskap, og vil gjerne skriva ei oppgåve om eitt eller anna som har med retorikk og nye mediar (les:internett) å gjera. Så kanskje dette kan vera til hjelp.
Først og framst må eg sjølvsagt passa på at ingen eg kjenner dumpar innom denne bloggen før den faktisk ha fått eit innhald. Så viss du veit kven eg er – kom tilbake seinare!
![]()



